DSCF5696.JPG

Garnhimmelen i Torrevieja blei til sommaren 2017, då Eva's Garn og Mote bytta eigarar og navn. Eva's Garn hadde då eksistert og blomstra i nesten 14 år, og det er vårt mål å ta konseptet eitt hakk vidare - og at butikken skal leva opp til navnet Garnhimmelen. 

Varesortimentet er i stadig utvikling, og fokuset er alltid høg kvalitet til riktig pris. Våre hovedleverandørar på garn er spanske Katia, som vert produsert i Barcelona, norske Viking garn og velkjente Drops. I tillegg har me henta inn Arne & Carlos sitt populære sokkegarn med innebygga mønsterfarging frå Schachenmayr/Regia. Me har strikkepinnar, heklenåler, synåler, sytråd frå Gütermann, brodertråd, duskar, knappar, strikk, silkebånd og ein heil masse anna ein kan trenge når ein driv med handarbeid. Litt interiør og klede finn du også hos oss, både ferdigstrikk og sydde klede passande for eit noko meir temperert klima enn i Noreg.

Garnhimmelen finn du også på Facebook og på Instagram - me vil setja stor pris på om du vil lika og følgja oss der. På Facebook vil du få fyrstehands informasjon om aktivitetar, produkter, tilbod og anna, og du får også anledning til å ta del i Garnhimmelen si gruppe

I skrivande stund jobbar me med nettbutikken, og inntil vidare kan du gjerne bestille garn via epost på post@garnhimmelen.com dersom du ikkje har anledning til å komma innom til oss.

Uansett skal du alltid føla deg velkommen kvar gong du tek turen til Garnhimmelen, - fagbutikken der kvalitet og kunden står i fokus!

Me sjåast!

Karin Alice & Roger

Du finn oss her: Centro Comercial Torremarina, Local A1-14, Calle Diana, 03183 Torrevieja, Spania

DSCF5682.JPG